Bjarte Hug
Postet 11:27 - 11.10.2011
Hei,
eg har vore på studietur i dag hjå eit lokalt transport firma med eigen vaskehall for vogntog.
Dette er ein automatisk børstemaskin, slik som vi ser i vaskehallar for bilar, berre i eit større format.
Den har eit eige teknisk rom, med to automatikkskap var plasser i lag med diverse pumper, tankar og ventilar.
All belysning var montert på veggane, og ingen ting i taket. Som verkstadformannen poengterte så hadde dei ikkje behov for lys ovanifrå, for dei såg jo ikkje taket av bilane uansett.
Det einaste problemet dei hadde hatt med det eletriske utstyret, var at dei hadde måtta gått over til ein anna type glass på lysarmaturane, p.g.a. av at dei gamle ikkje takla kjemikaliane.
Eg har og snakka med maskinlevrandøren, Brøvig i Kristansand.
Dei monterar alltid maskina sjølv, slik at det kun dreiar seg om å kople straum inn på anlegget for installatøren.
Eit anna ting er at det er vanlig at automatikken for vaskeanlegget, styrer portane i vaskehallen, og stopp og start av ventilasjonsanlegget. Slik at her er det fleire maskiner frå ulike maskinlevrandørar som blir kopla i lag.
![]()