Korleis praktiserer folk inndeling av "Landbruks- og hagebruksområde", jf. NEK 400 203.203? Det er nokså klart definert kva som skal til for at eit spesifikt område skal definerast som landbruks- og hagebruksområde, men det er slik eg les det ope for tolking kor vidt ulike rom i ein bygning kan definerast ulikt. Eit typisk tilfelle eg har vore borti eit par gonger er eit reiskapshus med dyrerom i eine enden, maskinrom/lagerrom i midten og verkstad i andre enden. Slik eg les 203.203 er det mogleg å definera dyrerommet og normalt òg maskinrommet/lagerrommet som "Landbruks- og hagebruksområde", medan det kan vera naturleg å utelata verkstaddelen frå definisjonen. Dette vil ha betydning dersom hovudfordelinga i installasjonen er plassert i verkstaden, med utgåande kablar til underfordelingar i andre bygningar og eventuelt internt i verkstaden. Dersom verkstaden ikkje er definert som "Landbruks- og hagebruksområde", vil ikkje nødvendigvis utgåande hovudkursar til separate bygningar vera omfatta av krav om jordfeilbrytar <=300mA, jf. NEK 400:2022 705.411.3.3 og 705.428.101.2.
Godkjent FSE-opplæring for deg som jobber med elektriske anlegg. Hold deg oppdatert slik at du og dine kolleger får en trygg arbeidsdag. Les mer.
Registrer deg og bidra til Norges største fagforum for sikkerhet.
Allerede medlem?
Logg inn
Du har for øyeblikket ikke mulighet til å poste innlegg.
Registrer deg og bidra til Norges største fagforum for sikkerhet.
Allerede medlem? Logg inn
Trenger du sertifisering, opplæring eller kurs i elsikkerhet? Enten du velger e-læring, et webinar eller et instruktørledet kurs fra Trainor, er kurset laget av våre fremste eksperter. Alt til det beste for din læring og sikkerhet.