I NEK 400 712.512.101 er det gitt at kabel på DC-sida i ein PV-installasjon skal utførast for å redusera risiko for kortsluring til eit minimum ved einleiarkablar eller isolerte ledningssystem i røyr.
Norma ser ikkje ut til å ta med tilfelle er ein ynskjer å gå direkte til ein DC-distribusjon saman med mange andre DC-laster, der eventuell vekselrettar og kopling mot AC-nettet kan skje på ein heilt anna kurs.
I mitt tilfellet er utfordringa å gå frå solcelleinstallasjonen og til ein DC distribusjon 100-200 m gjennom ein større bygg, før eventuell tilkopling til vekselrettar eller energilager. Løysinga i NEK 400 er ikkje ynskjelig på grunn av risiko for elektromagnetisk støy, då det spesifikt er beskreve einleiarkablar med ikkje-metallisk kappe. Det er også fleire brannskilje langs traseen, så einleiar i røyr er lite gunstig.
Vil det vera riktig å tolka 712.512.101 slik at det gjeld fram til første vern (f.eks. ei lita DC-fordeling med vern og brytar for utkopling), der ein etter denne kan gå med vanlig skjerma kabel? Eller vil det framleis vera krav om klasse 2 som beskreve i 712.410.3.3?
Les mer.
Registrer deg og bidra til Norges største fagforum for sikkerhet.
Allerede medlem?
Logg inn
Du har for øyeblikket ikke mulighet til å poste innlegg.
Registrer deg og bidra til Norges største fagforum for sikkerhet.
Allerede medlem? Logg inn
Trenger du sertifisering, opplæring eller kurs i elsikkerhet? Enten du velger e-læring, et webinar eller et instruktørledet kurs fra Trainor, er kurset laget av våre fremste eksperter. Alt til det beste for din læring og sikkerhet.